Meld deg på nyhetsbrev

Vellykket! Vennligst sjekk din E-post

For å fullføre abonnementet, klikk på bekreftelseslenken i innboksen din. Hvis den ikke kommer innen 3 minutter, sjekk spam-mappen din.

Ok, takk
Er tida for lokalsjukehusa forbi?
Helseminister Jan Christian Vestre vart påminna av leiaren for Sanitetskvinnene i Volda, Hanna-Sølvi Lillås, om dei 500.000 kronene dei samla inn og donerte til nytt traumemottak ved sjukehuset i Volda. «Eg veit de gjorde det, eg veit det», svara Vestre. FOTO: Vilje media

Er tida for lokalsjukehusa forbi?

Gunnar Fiksdal profile image
by Gunnar Fiksdal

Måndag morgon 15. juni stod sanitetskvinnene utanfor Volda sjukehus.

Attpåtil vart det hytta med neven.
Det skulle berre mangle.

Anten du bur på Frogner eller Grünerløkka, i Hjørundfjorden, Lindesnes eller Nordkapp. Helse er tryggleik. Beredskap. Fridom.

Sanitetskvinnene stod ikkje der fordi dei sakna noko å engasjere seg i. Dei stod der fordi Helse Møre og Romsdal, under "Helse Midt-Norge", vil kutte kraftig, og fordi føde- og akuttilbodet i Volda igjen er under press.

Sanitetskvinnene i Volda møtte opp utanfor sjukehuset måndag morgon for å markere uroa for framtida til føde- og akuttilbodet. Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) er ein frivillig helse- og beredskapsorganisasjon med røter tilbake til 1800-talet.

Så kom helseministeren.

For å roe gemyttene, før uroa blir til fakkeltog.

Det er slik makt ofte ser ut på nært hald: ein statsråd på gjennomreise, rådgivarar med tidsplan, helsebyråkratar med budsjett, journalistar med kamera, tillitsvalde med uro i kroppen og frivillige organisasjonar som prøver å halde fast ved det systemet er i ferd med å rekne bort.

Vil Jens og Jonas innrømme at de tok feil om sykehusene våre?
Trykk her for å bli abonnent Helsenorge sliter. Nye sykehus er for små før pasientene har flyttet inn. Ansatte mangler pauserom. Senger kuttes. Avdelinger presses. Og likevel later vi som problemet bare er mangel på penger. Men problemet sitter dypere. Det handler om hvordan vi har valgt å styre sykehusene


Alle står på same stad. Men dei står ikkje i same røyndom.

For helseføretaket handlar dette om økonomi, drift og innsparing. For statsråden handlar det om politisk ansvar utan å gripe for hardt inn i modellen han sjølv er sett til å forsvare. For dei tilsette handlar det om fag, forsvarlegheit og kvardagen inne på sjukehuset.

For folk på Søre Sunnmøre handlar det om noko enklare:

Kva skjer når fødselen startar?
Kva skjer når ulukka skjer?
Kva skjer når vêret står på, fjorden ligg mellom, og nærmaste tryggleik ikkje lenger er nær?

Brennpunkt: Sykehuskrigen - NRK TV
Kampen om lokalsykehusene splitter landet. Bli med på innsiden av Helse Midt-Norge under den betente striden om sykehusstruktur i Kristiansund og Molde.

Det er ikkje noko nytt at helseføretaksmodellen tvingar fram kutt og nedbygging av helsetilbodet i Møre og Romsdal.

Eit lokalsjukehus er ikkje berre eit bygg. Det er beredskap. Det er tillit. Det er vissheita om at samfunnet framleis er til stades når det hastar.

Difor blir det bråk når slike tilbod blir lagde på bordet som budsjettpostar.

Statssekretærar, politisk rådgjevar, varaordføraren i Volda kommune frå Ap og helsebyråkratar følgde tett i hælane på ministeren på veg ut hovudinngangen etter møtet med dei tilsette ved Volda sjukehus.

Arbeidarpartiet sitt gamle slagord var by og land, hand i hand.

I sjukehuspolitikken står det ikkje like støtt lenger.

For retninga i Helse-Noreg har lenge vore den same: større einingar, meir sentralisering, meir spesialisering, meir avstand mellom dei som bestemmer og dei som må leve med konsekvensane.

Det er ikkje sikkert helseministeren ønskjer å svekkje lokalsjukehusa. Men systemet han forsvarar, pressar i den retninga.

Og det er nettopp her konflikten ligg.

Herlof Nilssen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal HF, utanfor Volda sjukehus under helseministeren sitt besøk måndag. Få personar har stått meir sentralt i helseføretakssystemet enn Herlof Nilssen.

Når helseforetaka skal spare, blir tryggleik gjort om til rekneark. Når reknearket ikkje går opp, kjem kutta. Når kutta kjem, må lokalsamfunna mobilisere. Så kjem statsråden på besøk, lyttar, noterer, seier dei rette orda — og reiser vidare.

Men dei som bur her, reiser ikkje vidare.

Dei blir att med spørsmålet:

Kor mykje sentralisering toler eit land før «by og land, hand i hand» berre er noko ein seier i festtalar?


Sjå forklaringa over på kvifor sjukehusa våre slit!

Gunnar Fiksdal profile image
av Gunnar Fiksdal

Hold deg oppdatert

Abonner på vårt nyhetsbrev.

Vellykket! Vennligst sjekk din E-post

To complete Subscribe, click the confirmation link in your inbox. If it doesn’t arrive within 3 minutes, check your spam folder.

Ok, takk

Les mer