Verd å kjempe for
Eg vil kjempe for verda, men det er vanskeleg no. Eg er redd eg ikkje forstår henne lengre, at ho er blitt som ein framand.
Eg vil skrive noko om verda, men det er vanskeleg no. Det er vanskeleg å velje dei riktige orda, for verda kjennest forvirrande, kompleks, skremmande.
Verdssamfunnet skulle jo vere eit samarbeidsprosjekt, ein diger dugnad der folk står saman. No er det nesten naivt og kontroversielt å vere for menneskje.
Verda har blitt eit monopolbrett. Verda har blitt eit monopolbrett og vi har mista regelheftet.
Det er ikkje tvil om kven som ligg an til pallplass, og milliardærer får enklare politisk makt og unngår omsorgstrøyttleik.
Eg drøymer om konsekvensar for dei som vel å jukse og motarbeide dugnaden, men Musk tener ei årslønn kvart 4.sekund, og eg lurer på kor vanskeleg det er å lenke seg fast i ein Tesla.
Verda er ikkje berre der ute, den er ikkje langt borte. Den sniker seg inn også her, i sprekker i malinga, den siv inn med trekken gjennom gamle vindauge og vi pustar den inn om vi opnar døra, når vi går til arbeid. Når vi leser nyhender eller trykkar på sosiale medie.
Er verda verd å kjempe for, når ein kan kjøpe fredspris og immunitet og makt. NRK kallar det eit maktspel, men korleis definerer ein eit spel der ikkje alle er frivillige deltagere?
Dei empiriske bevisa for menneskeverdet er snart likestilt med dei for guds eksistens. Ein kan velje å tru, og dersom fleire hadde dyrka blomar enn hat ville verda sett veldig annleis ut.
Det kan høyrest blåøyd ut, men er kanskje synonymt med antifascisme.
Verda krev at vi kikar på henne med ulike auge og ser henne i alle fargar. Verda som vi ønskjer oss, krev at vi svarar hatet med solidaritet og medmenneskelegheit for alle.
Er verda verd å kjempe for?
Eg trur.
For eg trur at so lenge sola står opp over Gaza, so lenge born blir fødde i Sudan, og so lenge kvinner pustar i Iran so har vi noko å kjempe for.
Eg trur at so lenge vi vel å tru på menneskjeverdet, på likestilling, på fred og demokrati har vi noko å kjempe for.
Og kjempe må vi, for vi er sjølv denne verda vi held på å miste grepet om.
Få ut ordene dine gjennom tekst, skriv til oss!