Sofapolitikkens nødvende
Her i ei lun stove kan vi tenke høgt og lågt og saman, for her og no finst verdsproblema sine løysingar i stearinbelysning og peisvarme. Det er tryggare å meine noko om det store der ute i vernet av eit ullpledd, for å meine, å velge sine ord er som å trø ut på ein tynn planke. Kanskje held den ikkje vekta, kanskje vil den breste.
Nokre gonger spelar vi pinpong med såpebobler over sofabordet. Det gjer ingenting om dei sprekk og såpevatnet skvettar i små dropar over hovuda våre. Vi kan starte igjen, plukke nye tankar og meiningar og forsøke på ny. Kanskje pratar vi litt forbi kvarandre, misforstår og gløymer oppklaringa. Det er ikkje alt som blir sagt her som vil redde verda. Det er heller ikkje det som er målet. Vi pratar saman om det samfunnet vi ønskjer oss.
Saman kan vi drøyme, bygge opp og rive ned fiktive univers som i Sims eller rollespel. Fantasi og kreativitet har sin plass i politikken, for utan å tøye og kna hjerna som pepperkakedeig blir den ein stiv, overbelasta muskel utan fleksibilitet nok til å førestille oss ei anna verd enn den vi ser utanfor vindauge.
Dette er inga konkurranse, ingen hard debatt med vinnar og tapar. Dette er ein leik mellom trygge vener, dette er den gode samtalen og byggesteinane for demokratiet. Her djupt i sofakroken er vi samfunnet og slik utviklar vi meiningane våre som seinare blir til stemmesedlar. For verda den skjer der ute medan vi sit her å pratar om ho og vi må vere nyskjerrige på kvarandre, på oss sjølve, og på verda for å klare å forstå noko som helst.
Vi skal også omsider ut av ekkokammera våre. Tvil ikkje på det. Vi skal ikkje gøyme oss, vi. For saman skal vi vandre hand i hand til urnene, stå skulder til skulder på barrikadene. Men først skal vi finne motet, meinininga og samhaldet her inne og det er sofapolitikkens nødvende.